Sunday 27 February 2011

Mini-livsteikn fraa Mosambik :-)

Halloen alle ihopa! Julia her :-) Tenkte eg nett skulle lage eit mini-innlegg i hurten og sturten og seie at vi er i live og kosar bakenden av oss her i Afrika! Eg og roomien vaar, New Zealand-jenta Debra, prover det supertreige internettet borti hogget fraa der vi bur, mens resten av gjengen har spasert tilbake til lodgen vaar. Saa det blir ingen bilder, dessverre, men vi skal blogge skikkeleg om safarituren vaar seinare!

Vi begynte reisa i Johannesburg; ei gruppe paa 13 stk i ein megatruck som heiter "Nelly", og er no komt fram til Inhambane i Mosambik. Eg veit ikkje ka eg skal begynne aa fortelle om! Vi har sett masse toffe, ville dyr (elefant, giraff, boffel, hyene, zebra, flodhest...), blitt jaga av apekattar, koyrt rally paa toppen av "Nelly", og i dag snorkla vi med kvalhai! For eit kick! For det forste var baatturen sinnsjukt goy, med hoge bolger og full fres, for vi fekk hoppe uti og vere heilt naere dei 8-15 m lange, nydelege dyra. Fantastisk!

Tusen takk for alle koselege bursdagshelsingar, forresten! Eg feira 20-aarsdagen rundt baalet i idylliske Massangir med ein utruleg kjekk gjeng. Heilt herleg :-) Vi har forresten faatt prove frukt fraa Marula-treet du fortalte meg om, Kajsa, og i kveld skal vi kose oss med Amarula :-)

Haapar alle har det bra der heime - veldig kjekt aa lese kommentarane! Hald ut i snoen ;-) See you, lovelies!

Tuesday 15 February 2011

Koalas have a particularily bony ass!

Hey you old crooks!

Vi er i Sydney, og kom nettopp fraa ein kjempekoseleg live-musikk-bar (som spelte Time Is Running Out, Dinna!) berre for aa blogge for daakke. Alt for dykk, kjaere venner!
For aa ta det fraa byrjinga, saa har vi reist fraa Airlie Beach til Townsville og til den yrande storbyen Sydney. I Townsville saag vi faktisk spor og oydeleggingar etter Yasi, der trea laag flate. Vi flaug med Blue Virgin Airlines til Sydney Airport, der det viste seg at det var klin umuleg aa faa seg overnatting (Sydney var heilt fullbooka pga helg og valentinsdagen). Men, med hjelp av ei dame som gav oss litt halvkriminelle loysingar, fekk vi sove forste natta paa flyplassen (paa eit luksushotell!) og dei tre siste midt i sentrum (i ein lurvete svinesti). Riktignok med fem personar paa 4-mannsrom, saa vi maatte snike oss rundt for ikkje aa bli oppdaga. But a man's gotta do what a man's gotta do!

Her i byn har vi sett den o'store operaen:
Raakul arkitektur av ein danske. Huska ikkje kven, men han var ein flinkis.
 ... og den o'store brua, Harbour Bridge:
Vi har vore i Sydney Aquarium:
 ... med hai! Akkurat saanne snorkla vi med...
 Hehe, tulla. Smask!
 Det her er dugongs, dei kulaste vesena paa jord (syns Julia). Det var saanne vesen som sjomenn trudde var havfruer for i tida. Det ser man jo. Brita: "Stygge kvinnfolk eller desperate mannfolk, eg veit ikkje eg..."


Vi fekk sjaa hai, skilpadder, rokkar saa store som flygande golvteppe og all slags fisk i toffe undervannstunnellar!

Vi hadde med oss Maria denne dagen, som studerer i Canberra! Kjempekoseleg! Etter nesten 13 tima med vandring, sightseeing og turistattraksjonar, kosa vi oss paa med god mat og vin, for vi sendte ho paa toget heim igjen til Canberra.
Her saag vi ein 4D-film-simulator som tok oss med paa ein humpete tur gjennom Australias villmark. Very cool!

Vi reiste paa toppen av Sydney Tower, med utsikt over byen 250 m opp i lufta:

Dagen etterpaa saag vi uberkule dyr i Sydney Wildlife World:
Denne 5 meter lange krokodilla heiter Rex, er 45 aar og likar lange turar i skog og mark. Anyone interested?
Vi klarer aa styre oss - han var schkommel! Nok aa sjaa denne dinosauren gjennom glas. Han et berre ein kylling i veka, og klarer seg paa solenergi. Kult, eller? Eg tenke du vart interessert no ja!

(WARNING: Slange-bilde ahead)

 Saa sote!
 Kenguruar som sloss! Elles laag dei stort sett og chilla i solsteiken, og er berre aktive om natta.
 Brita fekk halde pinnedyr og likte det!
 Massemasse slangar, reptilar, insekt og andre rare dyr.
Kjempesote wallabys! Saanne var vi paa fotojakt etter oppi nord daa vi koyrte til Airlie Beach.

Vi har og gaatt i nydeleg botanisk hage, som var ein gedigen park med store, fine tre og kjempeidylliske omraade der folk slappa av og par kosa seg paa valentinsdagen. Her blei Linn ein fuglevenn og fotoattraksjon for andre turistar!

Ho gav dei notter, noko som fall veldig i smak!


Vi har sett mange superflinke gatemusikantar, blant anna The Wildhearts, som vi sat oss ned  midt paa gata og hoyrte lenge paa fordi det var saa koseleg. Vi vart og headhunta av ein crazy gjoglar som sjonglerte med kniv og motorsag oppaa ein tre meter hog einhjulssykkel! Han hooka tak i Anders, som maatte kaste knivar til han som del av showet.

Vi blir stadig vekk stoppa paa gata av folk som vil hjelpe oss, prate, gi oss gratis internett eller sjonglere med knivar. Folk er saa hyggelege her! Vi har blitt kjent med masse koselege folk, og minst hoyrt masse fin musikk! Sydney er ein flott by.

I dag har vi hengt mykje i Hyde Park og lada opp batteria til neste stopp - Afrika!


 Sjaa saa fint ho kan smile, viss ho vil!
 Aw :)
 Vi fann stampuben til Kristine og gjengen!  Kjempekul :)
 Dramatisk sjakk-kamp i parken, med superseriose gamle menn.
No skal vi tilbake til det STINKANDE, crappy, shabby, skabbete hotellrommet vaart (som heldigvis var eit rovarkjop) og pakke til Sor-Afrika, oh yeah!

Ganske trist aa forlate dette fantastiske landet, men vi har jo mange fleire land foran oss!

Forresten, angaande the bony ass, koalabjornane brukar den til aa sove i tre. Som Trude sa: "Koalaane kom best ut av evolusjonen, ete og sove heile dagen."
Speaks, honeys! :)

Wednesday 9 February 2011

Time of our lives!

Yaaahrrrr!
Du har no gleda av aa lese om vaskekte piratar. Vi har nemleg vore paa 4-dagars segletur med den 110 aar gamle skuta Solway Lass! Det var meininga vi skulle vere 32 passasjerar, men pga Yasi-fjasi var vi kun 13 stk. Noko som gjorde at vi blei kjempegodt kjent med baade crew og passajerar, og fekk mange fordelar! Vi kunne dykke paa plassar vi elles ville vore for mange til, gaa fantastiske regnskogturar vi elles ikkje kunne gjort og hadde mykje meir tid og friheit. Thank you, Yasi!

Dagane begynte med herleg frukost av kokken Nickers, som og var vaar eigen private sangstjerne paa baaten. Ho lagde fantastisk mat til oss, og vi gjekk ikkje svoltne eit sekund. Vi var med og reiste segla i lag med resten av crewet (Captain Big Tim, Little Timmy, Nick og Ash), og fekk slenge oss i tau fraa baaten. Men ingen slo Little Tim i Tarzan-slenging - han slengte seg fraa hogste masta (Anders: "... og ingen andre fekk lov :-/ )

Elles sa sclekka vi i "the bownet" framme i baugen:

Snorkla med SKILPADDER og HAI!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!! (!!!) Det var sjukt.

Som kaptein Big Tim sa; "If you don't see a turtle here, you're a big fat looser!
Men vi er no vel ikkje losers! Det var heilt fantastisk aa snorkle i Great Barrier Reef med tusenvis av fisk og nydeleg korall!

(Foto: Nickers. Ho var bedre til aa lage mat enn aa sikte kamera)

Han som blunka paa bildet er den morsomaste fyren som finns! Han ser ut som ein pirat, vil vere ein viking, men er eigentleg eigar av ein frisorsalong. Vi holdt paa aa le oss i hel av den her fyren; han var skipets klovn!

 Baaten vaar! <3 Ser til og med kulare ut med segl.
 Julia paa tur bushwalk-tur til toppen "Cairn"
 Linn vannpirat!
 Delar av gjengen (dei som ikkje var late) gjekk ein 4-timars bush-walk i regnskogen med millionar av edderkoppar og bortimot ingen sti. Det var cool.
 Utsikt til Whitehaven Beach.
 GAHH!
 Ninjas at Whitehaven Beach.
 Alle dei fine folka :-)
 Aye, mate! Vi leika piratar siste kvelden ombord. Kaptein Tim spelte gitar... megakoseleg.
 Black Island, der vi saag skilpaddar!
 Bownet.
Vi har faatt i oss rikeleg med neringsrik mat, Annlaug!

No er vi i Airlie Beach og dansar paa bordet, og neste stopp er Townsville, der vi skal fly til Sydney. Snakkast der, lovely peeps!

Forresten... vi fekk ikkje bananer til frukost i gaar! Yasi tok dei. Dumme Yasi.

Saturday 5 February 2011

Bring it, Yasi!

I gaar saag vi kenguru, i dag aat vi ein.

Hallo vakre mennesker! Kjempekjekt med tilbakemeldingar om kva som skjer heime, sjolv om det var heilt grusomt aa hoeyre om Martin og Jon Eivind... God bedring, karar!

Vi har masse aa fortelle og masse bilder aa vise daakke, og berre ein time internett - so let's go!

Fraser Island. Saa nydeleg! Vi hamna i ein jeep med sjaafoeren Joel og fire kule tyskarar, saa Linn og Julia fekk ove seg paa tysken sin. Etter 6 minutt med ferje ut paa oya cruisa vi rundt i jeep og bada i den ekstremt idylliske Lake McKenzie.

Paa campen traska dei ganske saa soete, men ville, dingoane rundt om kring, og hesteflogene aat festmaaltid av beina vaare. Som den erfarne irske romkameraten vaar sa; "They will wreck your heads!" Vi budde i telt rett paa sanden, og laga all maten vaar sjoelv. Skulle nesten tru vi fekk i oss meir sand enn mat. Men det var kjempekoseleg og kjekt, og kveldane var heilt awesome med drikking under stjernene og gitarspel. Her var vi to netter, og paa dagtid gjekk det i bading i elvar og innsjoar, sjaa paa skipsvrak, gaa i regnskog og helse paa gifitge slangar og hissige ogler.

ADVARSEL! Alle som ikkje likar slangar, ogler og diverse dyr maa lukke augene og scrolle vekk fraa bilda.








Rainbow Beach. Tilbake paa hostellet etter oy-eventyret faar vi vite at den stygge syklonen kanskje vil odelegge for Whitsunday-baatturen vaar, som allerede er bestilt og betalt. Vi begynte nesten aa grine, men hardbarka vestelendingar som vi er skulle vi neimen ikkje gi etter for ein liten regnskur! Saa vi sat oss paa bussen og tok den saa langt nord det gjekk, nemleg...

Hervey Bay. Her fekk vi beskjed om at bussane kom til aa gaa dagen etter, syklonen ikkje var noko problem, og alt kom til aa ordne seg. Med haapet oppe kosar vi oss paa denne idylliske plassen, og legg oss i god tru om at alt er i orden. Men... neste morgon - ingen bussar gaar nordover! Krise!

Etter fire timar der vi har gaatt gjennom ALLE alternativ med hjelp av verdas hyggelegaste resepsjonsdame, vaar reddande engel Kylie, fann vi ut at vi kunne leige ein bil og koeyre opp til Airlie Beach (der baatturen gaar fraa).

Ja, daakke horte rett! Vi har koyrt 12 timar nordover i retning syklonen paa eiga hand, mot alle odds og anbefalingar, med stor risiko dersom skade skulle skje paa den flunkande nye leigebilen.

 Vi doypte bilen "Yasi"! Og veit daake kva, det var NULL problem aa koyre opp! Anders koyrte sikkert og fint, og vegane var strokne. Vi skjonnar virkelig ikkje korfor bussane ikkje gaar. Einaste vi opplevde av uver, var ein heilt middels vestlandsregnskur oppi nord.

Vi kom oss trygt fram til Airlia Beach, og paa vegen, kl halv tre om natta, saag vi KENGURUAR! Dvs, wallabies, altsaa smaa kenguruar. Julia telte til 27 stykk. Det var saa utrulig kult! Vi lekte fotojegarar i sikkert ein time og storkoste oss. Ingen brydde seg om at det var midt paa natta paa ein motorveg. Dei var saa sote!
Sjaa for ein stil! Haha.

I dag har vi tilbragt dagen i Airlie Beach, og har nett smakt kengurukjott til middag... Litt rart etter aa ha sett dei smaa, sote dyra hoppe rundt.

Anyways, no skal vi paa denne fantastiske baatturen vi har kjempa saann for, og blir utafor kontakt i 3-4 dagar... og foreldre, det er trygt!

Haapar alle har det bra! Cheers!