Saturday 30 April 2011

Linn sin hogdeskrekk er kurert, for aa seie det saann!



Det er det som skjer etter aa ha hengt i supermann-stilling oppunder eit minutt i ein 1 km lang staal-wire, med ein fart paa rundt 72 km/t, nesten 180 meter over bakken.

Heija! Vi har altsaa provd noko som heiter canopy her i Costa Rica. Daa fekk vi paa oss slikt snasent utstyr:


Og blei sendt nedover fleire hundre meter lange staal-wires i ein rasande fart hogt, hogt over bakken. Her ser de Trude fly skrikande gjennom lufta:

V-anvittig goy! Men schko-ommelt, mann. Og som om ikkje det var nok, saa blei vi slengt ut i lufta att etter nokre inni heiande store Tarzan-svinger. Fyyy-yyy, daa kunne daakke sikkert hoyre skrika vaare heilt heim til Noreg! Trur den eine var 60 meter djup. Men ka soren, vi hadde jo hjelm:

Her kjem Anders i full fart paa ein av dei mindre staal-wire-ane (eller zipline, som det heiter paa proff-spraaket):
Vi provde canopy to plassar... Den forste plassen heitte "Lands in Love" (ja, det er heilt sant), og der provde Linn, Trude og Julia rappellering i tillegg. Pulsen var rimeleg hog der dei stod paa ei hengebru og skulle rappellere 40 meter ned i ein liten foss. Yeiks! Men det var kjempeartig, og dei hadde i tillegg nokre spinnville guidar som tulla, spruta vatn og herja med dei heile vegen.

Den andre plassen vi canopyerte oss heitte Monteverde, og der provde vi den beste canopy-turen i heile Costa Rica. Og OM det var goy! Fyhyhytti katta. Turen blei avslutta med "Supermann", den 1 km lange zipline-en vi fortalte om paa byrjinga av innlegget.

Elles har vi blant anna sett den aktive vulkanen Arenal (som dessverre ikkje ville sprute lava uansett kor hardt vi stirra paa den), vore paa baattur til Tortuga og snorkla, og vore paa oglejakt. Men no vil ikkje herr data legge ut fleire bilder, saa daa faar da bli meir bloggings seinare!

SMASK

Thursday 28 April 2011

Hei sveis!

Vi looovar at vi skal legge ut eit gøyalt blogginnlegg så fort vi får data igjen, okei? :) Har masse artige bilder å vise dåkke, men dei får vi ikkje lagt ut med berre iPod og wifi. Så snart vi får data igjen blir det updates, altso. Elles har vi da fint og fjongt her i Santa Teresa, Costa Rica, og spreller i bølgene, speler volleyball og biljard og anlegger ein lækker rosafarge. Men no er det pylse, brød og egg, så me tytast godt folk! Kjempestas med kommentarar forresten... Hint hint hint :) :) :))))))))))))

Thursday 21 April 2011

... og du har IKKJE sand i sandalen!

Peru er over, og vi har no innsett at vi ikkje smaa peruvianske damer, uansett kor hardt vi innbillar oss det.

Fraa Arequipa reiste vi til oaselandsbyen Wakachina (utafor Ica), kor vi hadde eit flott dogn paa reisas hittil dyraste hostell i Peru. Men det stoppa ikkje dei saakalla bed bugs'a vi hittil hadde hoyrt om, men ikkje opplevd sjolve. Det klor og kleiar og fire dagar etterpaa kan vi fortsatt kjenne kjottkakehuda. M-m!

Det idylliske (bed bugs-infiserte) hostellet hadde òg basseng og solsenger. Skal seie det var herlegt aa pakke det stinkande ullundertoyet nederst i ryggsekken og flekke paa bikini og badeshorts att!


"Breakfast included" i Peru betyr ofte luftbollar og cocablad-te, saa med jamne mellomrom unnar vi oss ein liten brunsj. Her har vi sjokoladepannekake til ti kroner. Yummy in the tummy.
Det goyaste vi gjorde i orkenen var sandboarding og villmannskoyring i "buggy-bil" opp og ned dei store sanddynene. Sjaforen var ikkje tam, og det var nett som aa koyre berg- og dalbane i over 100 km i timen. Heilt raatt!


Prikken i botnen er Anders, som susar ned den storste sandboarding-bakken.


Wee!


Neste stopp oppover kysten var Paracas, kor vi meldte oss paa to uforgloymelege turar. Tidleg om morgonen for vi ut i baat for aa sjaa sjolover og pingvinar boltre seg paa flotte klipper og oyer. Eit lite plaster paa saaret for at vi ikkje fekk sjaa lover i Afrika.


Tur nummer to paa samme dagen var turistbuss-tur deluxe, noko vi har funne ut at vi er litt daarlege paa. Det hjalp heller ikkje at guiden snakka raskt og daarleg engelsk, blanda med spansk. Men vi fant alltids noko tidsfordriv aa underhalde oss med...

Hahaha, ja vi veit vi er morosame.
Og saa fekk jo vi sjaa masse fine fossilar, saltorken og fine strender, daa. Det skal seiast.


No er vi i San Jose, Costa Rica, og er ferdige med ei fantastisk og opplevelsesrik reise rundt i Peru og Bolivia. Gjennom denne tida har vi hatt eit slags motto som har hjelpt oss i tider der innstilling er viktig! Det byrja med at vi skulle prove kle, og klagde paa at dei storrelsane var for smaa. Daa slo Trude til med; "Det handlar berre om innstilling! Du ER ei lita peruviansk dame, og du har korte bein!" Dette utarta seg til...

Du er ei lita peruviansk dame, og...

... du er ikkje troytt!
... du er ikkje sliten!
... du har ikkje gnagsaar!
... vatnet i dusjen er IKKJE kaldt!
... luftbollar ER mettande!
... politiet gjer ein GOD jobb og er i ALLE fall ikkje korrupt!
... taxi-mannen koyrer ansvarleg og klokt!
... denne senga ER komfortabel!
... kleda dine er IKKJE skitne!
... myggstikka klor ikkje!
... du er ikkje blakk!
... peruviansk pop-musikk er KONGE!
... denne folkedrakta er IKKJE trang!

Peru og Bolivia har vore heilt fantastisk, og vi har storkost oss i desse utruleg varierte og spanande landa. No ventar vi spent paa paaske-egg i posten! Helst med lakris, takk :-)

Saturday 16 April 2011

Colca Canyon, kondorar og mjolkesyre


Tjohei alle grabbar og gribbar! (Ta det som passar)

Dei par siste dagane har vi gaatt verdas storste dal, nemleg Colca Canyon! Grunna litt trangt tidsbudsjett valte vi aa ta ein tredagers tur paa to dagar. Ganske hardt for skrotten, men den spektakulaere naturen gjorde alle sveittedropar verdt aa sveitte. Trur heller ikkje slappe backpacker-kroppar hadde reint ildt av aa pushe seg litt.


For vi begynte aa gaa fekk vi sjaa kondorar fraa utsiktspunktet Cruz Del Condor. Her snakkar vi megafuglar med tre meter i vingespenn flaksande rett ved oss. Vi saag rundt 16 av desse majestetiske fuglane. Ei kjempeoppleving som seint vil gloymast.


Julia landar fraa ein liten flaksetur med kondorane. Vi gir ho ein 17,5 i stilpoeng. 


Vi byrja paa toppen av dalen og gjekk 7 km ned i botnen. Vegen bar preg av masse kaktusar, nydeleg blomsterduft og lokale med muldyr som flisa oss. Vi skyldar paa at vi maatte stoppe aa ta bilde.


Julia ber oss hoppe paa ein... to............. treeeeeeeeeeeee! Heilt synkront, som de ser.


Etter aa ha gaatt ned til ein liten landsby der vi aat lunsj (alpakka), gjekk vi 12 km til innover/utover (veit ikkje) i dalen, til vi kom til paradis-oasen der vi skulle overnatte. Der koste vi oss med god middag, og prating med andre trakkarar ved det idylliske bassenget. Flott aa dyppe gnagsaarfyllte, sveitte fotelankar i det forfriskande bassenget.

Saa var det wake up call klokka fem om morgonen for aa gaa 1300 m rett opp av dalen. Fire km lang sti seier litt om kor bratt det var. 


Her er vi paa toppen, med gele i beina, men kjempefornogde!


I landsbyen der vi kom opp vart vi vitne til innspeling av musikkvideo av ein nasjonal kjendis. Brita hadde mest lyst til aa dyppe ho i fontena bak ho, fordi ho tar skuld i den forferdelege "moderne" kvinemusikken som ofte blir spelt i bussar, baatar og alle transportmiddel som finns. Ho fekk stotte blant andre i gruppa.


Her ser vi alpakka og lama beite i hoglandet. Fine!


Soldnedgang fraa taket paa hostellet vaart i Arequipa. Idyllisk aa sitte der oppe og vaske truser og sko i kaldt vatn. Backpacker-style!


I dag har Linn, Brita, Trude og Anders rafta i den heftige elva "Chile", som var verre/betre (velg det som passar) enn sjolvaste Jolstra. 



Med ein fantastisk entusiastisk guide padla vi nedover elva i dei raae kostyma vaare. 



To baatar kvelva foran oss i den delen av elva som tidlegare paa dagen var saa farleg at den var stengt. Vi var veldig glade for at vi valte aa gaa dette stykket. Hadde vore traumastisk aa ramle ut av baaten i det partiet.

No skal vi ut og hive i oss fôr, for nattbussturen gaar til ein orkenoase utafor kystbyen Ica. Cheerio! :)

Friday 15 April 2011

What doesn't kill you only makes you stronger!

Har du nokon gong blitt spraya med tåregass? Det svir.


Hehe, vil dåkke ha forklaring, kanskje? Okei då.

Det har vore nokre crazy dagar i La Paz, der vi har hoyrt smell og bråk i gatene frå dag ein. Det var tydelegvis streike-demonstrasjonar, der dei kasta dynamitt i gatene og lagde mykje leven. Nysgjerrige turistar som vi er måtte vi sjolvsagt sjekke dette ut, og det er der tåregassen kjem inn i bildet...

Demonstrasjonane gjekk faktisk så langt at politiet brukte tåregass på streikarane. Vi hadde nett fått ein dynamittladning fyrt av rett ved oss så det smalt i brystet og suste i orene, for demonstrasjonstoget bevegde seg vidare. Så kom plutseleg folk springande mot oss, i motsatt retning av demonstrasjonane. Vi skjonte ikkje kvifor folk sprang, heilt til vi merka ei intens svie i auga og kloe i nasa og munnen. Tåregass it is.

Anyways, La Paz er som eit einaste stort, rotete marked. For ein spro by. Den forste dagen vandra vi berre rundt på leiting etter kamera til Trude, men det viste seg å vere vanskeleg, sida det omtrent ikkje finns "vanlege"  butikkar her. Men vi endte jo opp på eit fint lite svartemarked, der andre stjelte ting muligens har havna. Kjopte ingenting der, nei.
Overalt i La Paz, og Bolivia generelt, gjekk det staselege, små damer med store, fargerike skjort og bowler-hatt. Vi syns bowler-hatten var ein fin, liten detalj!

DEATH ROAD! Eirik, Julia og Linn folte for å leike litt meir med liva sine, så dei bestemte seg for sykle frå 4900 moh ned 3500 m på verdas farlegaste veg. Det var supercool! Nydeleg utsikt, dramatisk natur og ikkje minst stupbratt.

Vi sykla forst eit lite stykke på asfalt for den originale Death Road-en, som er grusveg, byrja. På toppen var det tåkete og sno i lufta, og vi såg ikkje kor bratt det faktisk var ned. Heldigvis (?) letta tåka og vi fekk sjå dei bratte fjellsidene.

Kjempetur! Adrenalinkick. Vi skjonar korleis vegen har fått namnet sitt med tanke på at heile tre stykk i gruppa vår tryna på veg ned.

Vi har fleire bilder på CD som guidane tok undervegs, men denne dataen har ikkje CD-rom, så takk til Google for bildet over. Må jo vise dåkke litt av korleis vegen var. På denne kanten stod vi òg, ho hei!
Brita, Anders og Trude tok heller turen til Tiwanaku og besokte museumet der...heftigheftig. Der fekk vi sjaa omgjevnadane til dei som var pre-inka. Saa langt har dei berre gravd fram 10% av det som ein gong var kontinetets storste by. Vi fekk blant anna sjaa ein statue som Thor Heyerdal har gitt namn til.
Paa vegen tilbake fraa vaar lille pensjonist-utflukt stoppa vi og fekk ei veldig fin utsikt over den kaotiske byen La Paz. 
 
Etter ein busstur saman til Arequipa, Peru, der vi no befinn oss, måtte vi seie hade til vår kjaere venn Eirik, som skulle fly tilbake til Norge. Har vore kjempekjekt å ha han med oss her i Peru og Bolivia!

Her i Arequipa gir vi ikkje opp jakta på kamera til Trude, så vi reiste til eitt av dei storste shopping-sentera i Sor-Amerika på leiting. Barnslege som vi er måtte vi ta pause frå shoppinga for å prove ut tidenes morsomaste riste-karusell. Latterkrampe deluxe!

No er vi komt tilbake fraa Colca Canyon, og ein skulle tru at vi har gaatt 1300 m rett opp...Eller vent litt, det har vi jo!

Nye spanade oppdateringar kjem snart!
Talast!

Friday 8 April 2011

Hald dykk fast, gutar og jenter...

 ... for no har det skjedd mykje rart sida sist!
Etter Machu Picchu reiste vi til dyrehagen i Cuzco, der vi saag mange spro og fine dyr.

  

Og slett ikkje alle var i bur. Det gjekk minst eitt hjortedyr, ein lama og ei papegoye fritt. Den morsomme, men smaa-freaky lamaen fulgte etter oss og hoppa opp paa Anders, men Anders var egentlig mest interessert i hjorten. Den eine papegoya kunne seie "Hola!" og le, og Brita blei god venn med ein apekatt som herma etter ho.
Saa, paa mandag, gjekk turen med nattbuss til Puno, ein by naer Titicaca-innsjoen. Paa bussturen skjedde det noko forferdeleg... Speilreflekskameraet til Trude blei stjelt, rett foran nasa paa oss. Tjuvradden tok den fraa hattehylla mens vi sov, og ikkje nok med det, suppegjoken hadde nerve til aa legge ei gamal, stinkande golvfille i kameraveska i tillegg til aa stikke av med kameraet. Men det verste er minnekortet og alle bileta ho ikkje kan faa att. Fy f@$% saa sinte vi blei.

Det blei ein ganske saa absurd dag for Trude, som byrja med kamerastjeling (og ubrukeleg politi), og endte med folkedans i tradisjonelle peruvianske drakter til panfloytemusikk, paa ei isolert oy 4000 moh. O' hei, hvor det gaar. Lat oss forklare naermare...
Etter kamerastjelinga reiste vi med baat ut paa Titicaca-sjoen og ut til dei flytande siv-oyene kalla Uros. Der vi fekk vi sjaa og hoyre om den heilt unike levemaaten dei har der. I utgongspunktet bygde dei oyene for aa flykte fraa spanjolane. Ganske imponerande, eller hur?

Paa bildet over sit vi og et lunsj hos vertsfamilien vi budde hos ei natt paa oya Amantani. Kjempekoselege folk, og veldig idyllisk oy.
Her gjekk vi opp til eit tempel, "Father Earth"-tempelet, 4130 moh. Det er jammen ikkje lett aa bevege seg saa hogt oppe - vi faar puls til tusen. Og det vil kanskje glede nokre av dei mest misunnelege aa vite at vi gaar med ullundertoy og alpakka-kle for aa halde varmen. Peru er kaldt! Men steikje for eit fint og spanande land.
Her er vi paa fiesta med lokalbefolkninga og ein del andre turistar. Paa bildet ser de to av dei koselege damene i vertsfamilien vaar.
Eirik glir rett inn i den galne gjengen vaar. Det grone greiene Julia sniffar paa er ein slags mint-urte som luktar kjempegodt, og visstnok skal hjelpe mot hogdesjuke. Godt smakar det òg.
Vi fekk god kontakt med sjarmtrollet av ein seksaaring i vertsfamilien vaar, Luis Angel. Han hadde energi som ein duracell-kanin og elska oppmerksomheiten fraa oss. 

 
 Her er vi med nesten heile vertsfamilien vaar i dei vakre, tradisjonelle kleda sine.
Den andre dagen av Titicaca-reisa vaar besokte vi oya Taquile, som gav oss fantastisk utsikt over Titicaca-innsjoen. Her fekk vi oppleve mykje kultur og god mat, og blei blant anna fortalt om gift- og singel-hattar, som folka paa oya gaar med. Viss jenta vifter med hogre dusk av hovudplagget sitt til guten med singel-hatt, betyr det at ho vil ha han, hihi.
Tilbake i Puno paa onsdag maatte Trude reise og deale med ubrukeleg, korrupt politi. Ho maatte betale "tips", som dei saa fint kalla det, for aa faa eit dokument paa politianmeldelsen, som ho treng til forsikringsselskapet sitt. Makan til late, lite service-innstillt politi skal ein leite lenge etter. Heldigvis fekk ho hjelp fraa snille hostell-folk. Mens Trude kjempa mot lysta til aa slaa ned ein politimann, kjempa vi andre mot svolten. Men ikkje lenge, for vi bestillte oss ein "familia-pizza", type megasvaer, kvar og aat opp rubbel og bit! Er det ikkje kjekt aa laere om matvanene vaare, folkens? Haha, la gaa.

Neste dag chilla vi i Puno paa det nokre vil kalle ein svaert suspekt, ehm, kva skal vi kalle det, hostell-aktig plass. Det saag verkeleg ikkje ut og var shabby som faa, men vi storkoste oss. Vi har verkeleg endra krav til standard paa turen. Faar vi baade dopapir OG varmt vatn er vi kjempe-happy. Og faar vi i tillegg komfortable senger er vi i himmelen. Dessutan var folka der kjempekoselege, og gav Julia gjormepotet med, fekk ho vite etterpaa, stor sjanse for makk i. M-mm! Ops, der kom meir matvane-info. Kva kan vi seie; vi er jo berre kjempeinteressante.

Akkurat nuh befinner vi oss i hovudstaden av Bolivia, La Paz. Aa komme seg hit var ein smaa-absurd opplevelse, daa dei faktisk paa eit tidspunkt maatte frakte bussen over ei elv paa ei flaate, og oss turistane i baat. Korleis dei fekk det til har vi verkeleg ikkje snoring om. Vi har bilder, men faar ikkje lasta dei opp nett no. 

Fordi vi faar lasta opp saa faa bilder droppar vi aa fortelle meir om La Paz for neste innlegg. Gled daakke, for meir absurde ting har skjedd, og kjem til aa skje. Trust us.

Take care, amigos :)