Friday 28 January 2011

Brisbane - Byron Bay (paradis)

Heihei folks! Sorry at vi ikkje har blogga foer no, men her har det gaatt i eitt sett.

Etter at vi kom til Brisbane i gaar, fekk vi hjelp av mange hyggelege folk som anbefalte oss aa reise til paradiset Byron Bay litt soer for Brisbane. Vi hoppa spontant paa neste buss, and here we are! No bur vi paa eit hostell kalla "Backpackers Inn" RETT paa den stoerste og vakraste stranda du berre kan tenke deg!

Paa stranda er det roleg med faa folk, og hoege, varme boelger som vi har hoppa og svoemt i. Heilt fantastisk!
Som daakke ser er vi superbleike og skil oss veldig ut fraa solbrune surfarar, som det forresten kryr av her. Eller vent, vi har jo faatt litt farge daa, roedfarge!

Etter tre timar i buss til Byron Bay tok vi oss eit etterlengta bad...
... tok oss ein nattur paa stranda med hovudlyktene vaare og spratt rundt mellom strandkrabbene, som visstnok berre er framme om natta...

... fortsatte paa den store kortspelkonkurransen, viggo, der vi skal holde score gjennom heile turen og til slutt kaare ein viggomester...

... la oss relativt tidleg og slukna i dei gode sengene med dagboekene i hendene...

... vaakna relativt tidleg - jetlaget har kanskje tatt oss litt. Brita og Anders tok seg ein morgontur og fann cuckleberries og kalkun! Vi har og sett gekko og schkomle edderkoppar...

... badebadebada, svidd oss litt, spelt beach-volley, gaatt turar langs dei uendelege strendene, kosa oss i herlege hengekoeyer, ete kebab som dessverre ikkje kunne maale seg med "Venezia Restaurant" i Foerde sin, og generellt kosa oss maksimalt!

De lurer kanskje paa korleis det har vore med tanke paa flommen, but don't worry, det einaste vi har sett til den er brune elver i Brisbane.
Sjaa Dinna, vi har funne bilen din!!
Angaande jetlag, forresten, saa tok vi oss alle ein hoeneblund etter ein fantastisk dag paa stranda i dag, og daa Anders vaakna spurte han; "Har vi landa no?" til ei forvirra Julia, som ikkje skjoente beret; "Hae?", foer han sa; "Aaja, vi er her ja!" Hehe, han har landa no altso.

Etter hoeneblunden vakna vi forresten til crazy regnver, saa vi er ikkje sikker paa kor turen gaar vidare. Vi skal i alle fall opp nord mot Whistunday Island, der baatturen vaar startar om ei veke. Stay tuned!

Trude ser ut som ein raud og kvit dalmatiner, Linn hoeyrer berre paa eine oeyret (vanndott), samtlige er raudflekkete grunna manglande solkremsmoereevner og vi er doegnville som faa, men elles har vi det heilt utruleg kjekt! Som Anders sa: "Trur eg kan like ditta backpackerlivet!"




Klikk paa bilda for aa faa dei stoerre, datakyndige foreldre! Vi set forresten kjempestor pris paa kommentarar. Haapar de har det berre bra der heime, det har i alle fall vi! Hihihi.

 

(By the way, Roderick, we did get to stretch our legs at the airport in Singapore!)

Tuesday 25 January 2011

Abu Dhabi, baby!

Hallooooo alle saman! Still alive!

Endeleg er vi i gong. Vi reiste i gaar fraa Oslo til Frankfurt, der vi tilbragte 6 timar paa flyplassen med aa trene sittemuskelen, kaare quizmaster (eine kleine Trude) (no blei forresten Brita litt smaasnurt fordi ho vann ein anna quiz), ta skyline og anna nyttig fjas. Anyway, flyturen til Abu Dhabi var cool, lang ("som Julia", paapeikar Trude), litt lynete, litt tordnete, og litt roeff landing. Men det var kos! Anders flyr for sine foerste gongar paa denne turen, saa han er veldig engasjert og opptatt av flymotor, fart, temp.,akselerasjon, om det er mogleg aa henge etter ei flyvinge, og flytype. "Flyturane e altfor korte," seier Anders, men det gaar bra, for no har vi ein 16-timars flytur foran oss til sjoelvaste Brisbane!

Ellers saa henge vi med oljesjeikane her i Abu Dhabi, og det syns Linn var litt kultursjokk. "Daa maa du smoere deg med kultursjokkolje framover, viss du syns det her var kultursjokk!" seier Trude.

Saa daa stikker vi paa apoteket og kjoeper kultursjokkolje! Snakkast fraa Brisbane, folkens!

Friday 21 January 2011

Howdy!

Tenkte eg berre skulle seie HURRA for flinke Trude som endeleg har laga blogg-design til oss! Det blei kanonknas, Trudy!

Elles så vil eg berre gi eit lite døme på kor hardt vi faktisk har jobba for denne turen; i dag har eg døgna til fordel for to forskjellige jobbar. That's right - stod opp klokka seks for å vaske for kommunen i åtte timar, før eg brukte dagen til å fikse tur-ting, og så nattevakt i ni og ein halv time. Våken frå seks om morgonen til... vel, seks om morgonen! *skryte-skryte*

Men no gleda eg meg altso som ein tulling til vi reiser til the land down undah! Jabbadabbadoooo!!



//Foto: Egypt - Julia//



- Julia

hallå bloggen!

Yes, då har vi endeleg oppretta oss ein reiseblogg! No er det ikkje lenge til vi forlater fagre Jølster til fordel for første stopp på reisa; Australia. På denne bloggen kjem vi til å oppdatere nervøse foreldre, vennar og bekjente på vår ferd gjennom flaum, villmark i Afrika og alle opplevingar vi måtte støte på. 25.januar er i alle fall den etterlengta dagen, akkurat no går vi i ein malariatabelett-rus (neida, måtte berre nett teste om eg tålte den) og stressar med lakenpose, joggesko, antal liter på sekken, sandalar vs slippersa, visum, sim-kort og slike praktisk ting! Snart er alt det her i boks og då reiser 4 jenter og 1 gut frå trygg grunn i Noreg og ut i den store verda. Eg gledar meg!

















Bilde av Julia og Brita i Egypt 2009.

- Trude