Friday 21 January 2011

hallå bloggen!

Yes, då har vi endeleg oppretta oss ein reiseblogg! No er det ikkje lenge til vi forlater fagre Jølster til fordel for første stopp på reisa; Australia. På denne bloggen kjem vi til å oppdatere nervøse foreldre, vennar og bekjente på vår ferd gjennom flaum, villmark i Afrika og alle opplevingar vi måtte støte på. 25.januar er i alle fall den etterlengta dagen, akkurat no går vi i ein malariatabelett-rus (neida, måtte berre nett teste om eg tålte den) og stressar med lakenpose, joggesko, antal liter på sekken, sandalar vs slippersa, visum, sim-kort og slike praktisk ting! Snart er alt det her i boks og då reiser 4 jenter og 1 gut frå trygg grunn i Noreg og ut i den store verda. Eg gledar meg!

















Bilde av Julia og Brita i Egypt 2009.

- Trude

2 comments:

  1. Åja. So den ekje for å oppdatere misunnelige søsken?? Neivel. Eg drite no i det. Kjem te å lese den likevel
    In your faces, suckers!

    ReplyDelete
  2. Haha Katrin! Din REBELL!!!!

    ReplyDelete