Thursday 12 May 2011

Cuba!

Kjaere venner. For aa bruke internettet her i Cuba maa ein ha tolmodet til ein munk og rekne med eit datakrasj i minst onskelege augneblink, saa det er med stor skepsis og kryssa fingrer vi prover aa skrive eit nytt blogginnlegg. Aa legge ut bilder har vi for lengst gitt opp, for datamaskina gaar i spader viss man prover aa bruke USB-inngangen. Men, vi kan fortelle litt om kva vi har gjort paa sida sist!

I Costa Rica var vaart siste stopp Manuel Antonio, ein liten by ved ein flott nasjonalpark og ein nydeleg strand. Der var vi paa nightwalk med ein kjempeflink guide som viste oss alle slags froskar, slangar og andre nattedyr med lommelykt og teleskop. Den samme guiden tok oss med gjennom nasjonalparken, der vi blant anna saag dovendyr! Dei er jammen kule, dei. Elles brukte vi dagane paa strandvolleyball, frisbee, bading og henging med nye venner. Vi motte mange kjekke folk, flesteparten fraa Canada og USA. Og saa feira vi sjolvsagt eittaarsdagen til Hedda! Og bursdagane til Turid og Sofia blei feira med aa suse fraa tre til tre gjennom jungelen i lag med apekattane (canopy). Gratulerer med overstaatt, finingar!

No er vi i Cuba, og her gaar dagane i aa royke sigar mens vi koyrer gjennom dei fargesprakande gatene i veteranbilar, hoyrer paa salsa og slenger oss paa stranda. Okei, saa royker ikkje vi sigar, men vi har faatt noye omvisning av sigarar i alle slags storrelsar og typar, og korleis dei lagar dei. Dessutan har vi drukke ekte mojito (alt anna enn cubansk mojito er visstnok vrovl) fraa toppen av eit hustak med utsikt over hovudstaden Havana, drukke rein sjokolade og ete sjokoladesigar paa kafé, vore paa Havana Club rom-museum og faatt ein historisk og kulturell guida tur gjennom nydelege Havana. Vi har sett dei legendariske Buena Vista Social Club opptre, og aldri opplevd makan til gnist og dansemoves i desse langt over seksti aar gamle musikarane.

No er vi i den fine, vesle byen Trinidad. Her bur vi hos vertsfamilar, som er kjempehyggelege og lagar ekstremt god mat! Vi har vore paa snorkletur i krystallklart vatn og sett baracuda paa naert hold, vore paa Casa de la Musica og sett danse-show, hoyrt kontrabass og salsarytmer stromme ut fraa fleire av dei fargerike bakgaardane og koyrt med kule veteranbilar kvar gong vi har tatt taxi. Overalt er det fargerike, eldgamle veteranbilar, hest og kjerre og smilande mennesker. Vi har det med andre ord veldig fint her i kontrastanes land, Cuba.

No seier den sure internettmannen at vi maa gaa. Han var ikkje saa smilande, saa vi stikker heller tilbake til den kule vertsfamilen vaar.

Gratulerer med overstaatt, finaste Dinna!

Vi snakkast, amigos!

4 comments:

  1. I LOVE YOU ALL!

    - Suzz Ingrid. Typ 10daga til dåke kjem heim, sykt.

    ReplyDelete
  2. "...drukke rein sjokolade" : va de AWESOME eller var det som smelta 80% sjokolade?

    ReplyDelete
  3. AND WE LOVE YOU! :*

    Haha, rekna med den siste kommentaren er fraa Urdy? Det var nam, men ikkje saa hypernam som det hoyres ut som... Men det var ein veldig cool cafe som dreiv med KUN sjokolade... alle slags figurar og drikker. Vi saag ei sjokoladekvern med rein, rennande sjokolade, og dei ansatte kan drikke og ete saa masse sjokolade dei vil, heile tida! :O

    ReplyDelete
  4. Ja no teller vi ned dagane til de kjem att!!!
    Men du Linn, lure på om du kan svare på den siste meldinga eg har sendt deg..
    "NESJA"

    ReplyDelete