Monday 30 May 2011

Heime att!

Heja!

We're back in town! Ja, no er vi heime att i fedrelandet. Den siste veka på Cuba tilbrakte vi på eit "all inclusive"-hotell i Varadero, der vi dreiv dank og hadde det gøy ei vekes tid. Havet der er det klaraste og blåaste vi har sett - såg ut som fantasy!

Her i fagre Noreg har vi ei aldri så lita høne å plukke med vêrgudane, men det har vore utruleg kjekt å sjå familie og venner igjen! Og vi gler oss til å treffe dei vi endå ikkje har møtt (på suuumarfesten, for eksempel) :-)

Vi har planar om kanskje å poste eit "Du veit du er backpacker når..."-innlegg seinare ein gong, men for no vil vi berre seie tusen takk til alle som har fulgt med og kommentert på bloggen! Det har vore kjempekjekt å ha kontakt med heimlandet og alle dåkke fine folk på den måten. You rule!

Og så må vi jo sjølvsagt beklage for mangel på bilder i det siste... For det skuldar vi på dårleg internett i Cuba + eigen latskap ;-)

Men sånn ser vi altså ut:


Hehe, neidå. SÅNN ser vi ut:

Jepp, der har vi flokken!
Vi har hatt det utruleg fint på tur, og anbefalar alle som har sjansen til å reise på backpacking... Du opplever så utruleg mykje, og møter så mange hyggelege folk frå heile verda. Det går eigentleg ikkje an å beskrive kor kjekt det er.
Eit minne for livet!

Takk for følget, kjære blogglesarar!
Mucho mucho kjærleik frå globetrottarane :-)

No comments:

Post a Comment