Wednesday 2 February 2011

We're alive! (Noosa, Fraser Island og syklon-update)

Howdy mates! Sorry at vi (igjen) har vore daarlege til aa oppdatere, men vi har bokstaveleg talt vore ute paa ei sandoy uten kontakt med omverda. Etter nydelege Byron Bay gjekk reisa til Noosa, der vi blei ei natt paa eit koseleg hostell, foer vi retta nasene mot Rainbow Beach og Fraser Island; verdas stoerste sandoey.

Paa Fraser reiste vi i grupper paa 8 og 9 og cruisa rundt med jeepar med dei fantastisk kjekke guidane vaare. Vi fekk bade i herlege innsjoar, sjaa dingoar paa stoerrelse med hundar som luska heilt inntil campen vaar, henge med masse hyggelege backpackarar fraa heile verda og kose oss langt ut paa kvelden med gitarmusikk under stjernehimmel. Det toppa seg siste dagen daa vi fekk sjaa verdas nest mest giftige slange berre 1,5 m fraa oss! Vi har og sett ogler paa 1,5 m i duell. Toft!

Vi har masse flotte bilder aa vise daakke, men faar dessverre ikkje lagt ut noko paa denne maskina.

Men slapp av foreldre - vi merkar ingenting til syklonen! Her paa Rainbow Beach kjem den ikkje til aa ha noko effekt. Det som er dumt, derimot, er at vi ikkje faar kontakt med arrangorane av baatturen vaar paa Whitsunday Islands, fordi telefonlinjene er ute. Det kan sjaa ut som om den 6 dagar lange seilbaatturen heng i ein tynn traad. Veldig kjipt, men ingenting aa gjere med det, anna enn aa vente og sjaa. Vi er i alle fall fullstendig trygge, saa de maa ikkje bekymre daakke!

Dei internasjonale sim-korta til Anders, Brita og Trude vil av ein eller anna grunn ikkje fungere, saa vi har litt mobilproblem for tida. Men ikkje fortvil naar de ikkje hoeyrer fraa oss paa ei stund, for det har rett og slett med internett- og mobilproblem, ikkje at vi sit fast i ein syklon.

Elles har vi brukt tida paa aa dette ned fraa tre (Julia), fotografere og "jakte" paa villdyr (Anders), ove paa tysken vaar (Linn), smoere oss inn med 20 cm aloe vera i fjeset (Brita) og vinne (nesten) alle dei snaale konkurransane vi har funne paa (Trude).

Den lettaste og billigaste aa faa tak i paa mobil er Linn; +44 79 24 44 56 06

Bottom line er at vi kosar oss villt og er like villt brune! Ho ho. Her er det 30 grader celsius. Korleis er veret heime, daa? Haapar daake har det bra! Cheers!

6 comments:

  1. "Den lettaste og billigaste er Linn"
    Greit. Notert.
    Forøvrig ikkje misunnelig i det heile tatt. No har det regna i hundre år, sopass at det berre e klink is ute. Og no har det begynt å snø igjen. Hurra. Det er gøy å leve med broddar og lårhalsbrudd.
    Nyt sola, og Trude; wear sunscreen. Du ekje akkurat Barack Obama ...

    ReplyDelete
  2. Tusen takk for deilig livsteikn.. Har ikkje hatt det so fint siste døgna,, pga den idiotiske syklonen,, men no vart eg glad. Kjekt å sjå at de har det veldig veldig bra.. Den båtturer kan de godt kutte ut,, for det er meldt om etterpåvirkninger av syklonen,, med store bølger og slikt.. Gale nok med verdens nest giftigaste slange. . . De kjem nok til å bli noken skikkelige tøffinger etter denne turen.. Her er alt normalt,,, og det går fint med storesøster og frøet :-). Og Julia,, du er ikkje akkurat Barack Obama du heller,, so solkrem med høg faktor er genialt.. Kjempeglad i deg lille venn.. Stor mammaklem

    ReplyDelete
  3. Kjekt å høyre at de er i live, pass opp for slangane (æsj). Her regna det som berre det, men kva gjer vel det når ein sit inne og drikk kaffe heile dagen? Hehe, ellers trur eg mennene i Bergen er farlegare enn dei stygge og ekle slangane i Australia (ein gal mann beit av halve trynet på Martin så han ligge på sjukehuset). Ellers ser det ut som de kosar dykk storvegs:D Peace & out lizzm, Ragnhild G

    ReplyDelete
  4. Hallo mine englar!
    Eg dødde innvendig av den slange historia, kjenne at hjerte pumpa opp i halsen - eg er mektig imponert, dåke overraska stadig! Vil no berre fortelle at eg ikkje har bekymra meg særlig for den vinden som skal komme, haha,- dåke e superkvinner -og menn uansett!! Dessuten er eg så grønn av misunnelse at eg spyr.

    HEIHÅ!

    Anywayz, bortsett frå at Martin har fått halve ansiktet sitt bite av (WTF RAGNHILD?!) so ligg Jon Eivind for døden. OK, ikkje heilt da. Men har uttrykt da sjølv - har blitt SKIKKELIG influensa sjuk (må ha hjelp til å gå) so når eg ikkje på jobb so e eg pleiearbeidar heime! Med andre ord pleiearbeidar på heiltid!! Lovemylife. Dinna veka skal eg jobbe 6 dagar, i måra har eg fri - heim til Askvoll<33

    Oppdater meir! Eg sjekka kver dag, hundre ganga om dagen ca. Hihih.

    Love you gays!

    - INGRID :D veit du savna meg Trude..

    ReplyDelete
  5. OG FORRESTEN! Eg har fått Violeta Violeta i posten, og eg kan love dåke (Julia og Trude) at dåke går glipp av sinnsjukt masse.. HERREGUD! Eg skal so jævlig til Oslo på konsert, heile cden e vidunderbar!!!

    ReplyDelete
  6. Spennande å følgje dokke. Må nok få meg ein tur til Australia og Stillehavet ein gong!
    Les i Firda at Sunnfjord folkehøgskule har måtte avlyste sine tur til Egypt, i våre fotspor på grunn av opprøret i landet. Pøbel har vore inne på museet vi vitja i Kairo og gjort hærverk. Fleire brannbomber har landa i hagen utanfor, men uvurderlege kunstskattar frå faro-tida. Ali sit Kairo og fortvilar og græt, står det i avisa. Han taper sikkert masse pengar på at turen deira måtte avlysast. Glad for at vi fekk vår tur medan det var roleg og fredeleg! God tur vidare!
    Helsing Per Kjetil

    ReplyDelete