Sunday 27 February 2011

Mini-livsteikn fraa Mosambik :-)

Halloen alle ihopa! Julia her :-) Tenkte eg nett skulle lage eit mini-innlegg i hurten og sturten og seie at vi er i live og kosar bakenden av oss her i Afrika! Eg og roomien vaar, New Zealand-jenta Debra, prover det supertreige internettet borti hogget fraa der vi bur, mens resten av gjengen har spasert tilbake til lodgen vaar. Saa det blir ingen bilder, dessverre, men vi skal blogge skikkeleg om safarituren vaar seinare!

Vi begynte reisa i Johannesburg; ei gruppe paa 13 stk i ein megatruck som heiter "Nelly", og er no komt fram til Inhambane i Mosambik. Eg veit ikkje ka eg skal begynne aa fortelle om! Vi har sett masse toffe, ville dyr (elefant, giraff, boffel, hyene, zebra, flodhest...), blitt jaga av apekattar, koyrt rally paa toppen av "Nelly", og i dag snorkla vi med kvalhai! For eit kick! For det forste var baatturen sinnsjukt goy, med hoge bolger og full fres, for vi fekk hoppe uti og vere heilt naere dei 8-15 m lange, nydelege dyra. Fantastisk!

Tusen takk for alle koselege bursdagshelsingar, forresten! Eg feira 20-aarsdagen rundt baalet i idylliske Massangir med ein utruleg kjekk gjeng. Heilt herleg :-) Vi har forresten faatt prove frukt fraa Marula-treet du fortalte meg om, Kajsa, og i kveld skal vi kose oss med Amarula :-)

Haapar alle har det bra der heime - veldig kjekt aa lese kommentarane! Hald ut i snoen ;-) See you, lovelies!

4 comments:

  1. Å det var godt å høyre frå dykk no. Tykte det vart lenge sjølvom eg var førebudd på at det nok ikkje vart så ofte livsteikn frå dykk medan de er i Afrika. Tenk å få snorkle med kvalhei, ja det må berre ha vore heilt utruleg fantastisk! Ha fortsatt fin tur!
    Brita-mammaen

    ReplyDelete
  2. Enig med Brita-mammaen,,,,, veldig godt med livsteikn. Og det er deilig å tenke på at de har det so spennande og kjekt.. Her heime er alle friske og kjekke,, og her i indre strøk er snøen snart vekke. Gleder meg til bilder frå Afrika.. Mange gode tanker og gode klemmer frå Julia-mammaen

    ReplyDelete
  3. ÅÅÅH :D dåke e ville!!

    ReplyDelete