Tuesday 8 March 2011

It´s gonna be a bumpy ride! (Sor-Afrika og Mosambik-safari)


Hallo vakre vene! Har daakke sakna oss og vaare fantastiske livsteikn? Vi maatte altsaa til Brasil for aa faa skikkeleg internett til aa blogge om Afrika, so here we go go go! Vi har vore paa ein 17-dagars tur fraa Johannesburg i Sor-Afrika, til austkysten av Mosambik og tilbake. Her kjem nokre smakebitar heilt hulter til bulter fraa denne fantastisk kjekke turen!

Det her er Vusi, ein guide som jobba paa ein bush-camp utafor Kruger Park, Sor-Afrika. Vi var paa game walk (leita etter villdyr), vi saag sjiraff! Og ja, Anders har allerede planlagt aa reise tilbake til Vusi. Vusi kan alt om dyrebais, bush, natur og kultur. Vi fekk smake amarula-frukt, ¨Afrikas viagra¨, hehe. Anders, Linn, Vusi og nokon andre fraa gruppa vaar hadde spyttekonkurranse med impaladrit. Anders vann og forsvarte Noregs aere!
Sjiraffffffaaarrr! Her var vi òg paa grensa til Kruger Park (uten gjerde i mellom), i Sor-Afrika.
Paa toppen av monstertrucken vaar, som heiter Nelly, av alle ting! Her fekk vi sitte store delar av turen og speide etter dyr. Kjempekjekt! Det var til tider saers utfordrande aa ikkje bli spidda av tornete greiner, og utruleg humpete veg. Berg- og dalbane.

 
 Nelly! Denne firehjulstrucken tok oss med paa vegar ingen annan truck ville takla. Humpetittentei gjennom bushen!
Slekking under eit gigantisk tre i bushen! Det var kjempegoy med bushcamping. Vi sov i telt, og lagde baal og god middag kvar kveld. Utruleg sosialt og koseleg.
Det var mange timar i truck, saa vi fann fleire rare og kreative plassloysingar. Frysen vart godt brukt.
G.D.! Guiden vaar! Guten vaar! Her kloyvar han ei kokosnott... Fersk kokosnott er yummy!
Barkveld i Inhambane! Her har vi vakre, vene New Zealand-jenta Debs i forgrunnen. Vi blei kjempeglade i denne sprudlande, herlege jenta!
Her ligg vi paa stranda og slappar av etter aa ha snorkla i eit reef utafor Vilanculos, Mosambik. Idyll!
Konkurransemennesket Trude vann seg 4 shottar og ein ol fraa Linn i dart! Men, sida det var saa billeg, vart heldigvis ikkje Linn ruinert... Skummelt billeg!
Her badar vi i den krokodilleinfiserte innsjoen Massengir paa 20-aarsdagen til Julia. Maatte jo gjere noko minneverdig paa denne dagen, saa daa vart det aa svomme i samme innsjo som krokodillene! Smaaskummelt, men vi lever fortsatt.

Norske Mathilde og zebra paa superkloss hold! Hluhluwe Park, Sor-Afrika.
Vi vart nokon racerar paa aa sette opp telt!
Skuleelevar ved ein skule i Zululand, som dansa og sang for oss. Det var ein heilt ubeskriveleg opplevelse! For ein trokk i dei ungdommane! Fantastiske stemmer og toffe dansar som blaaste oss over ende. Det heile byrja med gospelsang som gav oss frysningar og taarer i augene. Minne for livet!
Norske Karoline ved ¨hundehusa¨ vaare paa Drifters Camp, Zululand. Megakoseleg plass med badebasseng og dyr vandrande rundt. Anders tok seg ein kveldsstur aleine og gjekk berre litt utafor campen, der han kom heilt kloss oppi gnu, kudu, zebra, niala og andre dyr. Neste morgon gjekk baade han og Gunther-mannen fraa Belgia paa ein grytidleg, sjolvstyrt morgonsafari. Her er bilder fraa kveldsturen til Anders. Vi andre skulle onske vi blei med - berre sjaa saa flotte bilder Anders tok!

Female kudu.
Fraa venstre: Niala, blesbuck (som det berre finns 1000 av, og som eigentleg ikkje skal vere i dette omraadet! Guidane trudde ikkje sine eigne auge daa Anders viste dei bildet... Folk betalar i dyre dommar for aa jakte paa desse skjeldne dyra), og niala igjen.
Male kudu, med blue balls monkeys i bakgrunnen. Staselege dyr!
Paa Karoline sin 21-aarsdag hadde mange av oss driteproblem, for aa seie det fint, saa vi tok bursdagen igjen seinare med champagne! Her ser vi Debs klokka halv ni om morgonen den siste koyredagen. Det var jo sjolvsagt ein heilt naturleg start paa morgonen aa ta oss ein liten champagne- og Amarula-fest i baksetet. Vi maatte jo starte den siste dagen med stil!
Vi vart kjempegodt kjent med desse to godjentene paa bildet her, fantastiske Debs og G.D., og kom godt overeins med dei fleste i gruppa... Bortsett fraa eit par stykk (vi kallar dei for Dragen og Svampen), som gjorde livet surt for alle andre den siste veka. Makan til folk har vi aldri vore borti for. Men vi valgte og velger fortsatt aa fokusere paa alt det positive!
Her kosar delar av gjengen seg med hummer i Inhambane. Vi fekk masse god sjomat paa turen! King Fish, Barakuda, prawns, calamari med meir. Maten paa turen var kjempegod.

Vi saag masse elefantar! Nydelege dyr.
G.D. og zebraer i Hluhluwe Park!
Vortesvin i Hluhluwe-parken! Pumba! Vi samanlikna alt med Lovenes Konge-filmen paa denne turen, hehe... ¨Sjaa, der er Pumba! Og Zazu!!¨

Hyene naer bilen paa night-game-drive i Kruger Park.

Brita og Debs!

Villkvinnen Trude!

Naturens brutale gang... Gribbar som kastar seg over giraff-kadaver utafor Kruger Park.

Mini-ugle, Kruger Park.

Blue ball monkey, Hluhluwe.
Vi snorkla med 12 meter lange kvalhaiar i Inhambane! Saa utruleg kult! Vi fekk ingen bilder av sjolve turen, men teikna ein illustrasjon paa stranda av ca kor store dei var. Kjempekjekk sjosafari med ein ribb som koyrte i ca ein million knopp paa dei gigfantiske bolgene. Vi kom heilt naere inntil dei flotte kvalhaiane og fekk snorkle ved sida av dei, og saa saag vi delfinar leike i vatnet!

Afrikansk soldnegang.

Vi holdt paa aa le oss i hel av det her! geitene stod rett opp og ned oppaa lasteplanet til ein truck som for i full fart paa motorvegen, uten sikring. Og saa saag dei saa utruleg chill ut!

Vi vart mektig imponert over dei stolte, afrikanske kvinnene og alt dei klarer aa bere paa hovudet!

Mathilde med to sote, smaa vakthundar vi som vi nesten tok med oss vidare, for dei var saa skjonne.

Vi maatte passe oss for giftige skorpionar, slangar og andre bitande dyr overalt.

Yo.

Zazu! Eller i alle fall ein fjern slekting.

Waterbuffalo! Svaere doningar. Julia stod fem meter unna ein slik ein morgon (med gjerde i mellom, vel aa merke).
Flodhest! Dei braaka noko sinnsjukt om morgonen, og er overraskande raske til beins! Og saa er dei ikkje redd for noko anna dyr, men for sin eigen skygge er dei redd.
Struts! Vi aat strutsekebab ein dag. Tastes like chicken. Hehe, nei, smakte som oksekjott.

Aww! Blue ball monkeys.

Nashorn! Vi saag 3 av ¨The Big 5¨ paa turen. Dei 5 store er nashorn, elefant, boffel, leopard og love. Vi saag dessverre ikkje dei to siste, til tross for intens speiding og love-onske fraa jegar Tveito og oss andre. Men graset var veldig hogt no paa slutten av regnsesongen, saa det var vanskeleg aa sjaa. Men Afrika, we´ll be back!

Karoline i dans med elevane ved zulu-skulen vi besokte.
Linn og Karoline klipte guiden vaar! Haha! Det vart faktisk veldig fint, til tross for ein interessant prosess.
Superkult marked i Johannesburg!
Twister med Debs siste dagen! Kjempemorsomt!

Gjengen utafor lodgen!
Og no er vi i Sao Paulo! Saann saag det ut utafor hostellet vaart forste natta... karneval! Linn, Trude og Julia blei med paa moroa ei stund, mens Brita og Anders var jetlag´ed og gjekk og la seg. Karnevalet i Sao Paulo er langt i fraa like spektakulaert som i Rio, men likvel veldig, veldig kjekt!

Saann, det var ein smakebit av Afrika! Men no skal vi ut og prove aa finne Marte og kompisen vaar Charlie i Sao Paulo. Snakkast, godt folk! :)

3 comments:

  1. Ahaha :D Eg klare ikkje slutte å smile!

    Keep the pictures comin'. Forhåpentlegvis kjem orkanen som skal ramme Stadt i dag litt lenger sør sånn at det blir litt liv i Bergen og :)

    Ikkje gå dåke vill i folkemengda no då. You guys made my day :)

    ReplyDelete
  2. Mjaaaaaaaaaaaau!!!! Så kjekt å møte alle i Løvenes Konge, dog nedtur at ikkje sjølve Simba ville vise seg. Afrika ser gøy ut. Typ kjempegøy!
    Ikkje rot dokke vekk i Brasil no. Det ville nemlig vore litt sånn standard dokke*(*les: Trude og Julia).

    ReplyDelete
  3. Veldig mange fine bilder.. Tenk å få sjå so mange ville dyr... STEIK.... Det er lørdags ettermiddag her i gamlelandet,, og besta er i Vetleli og venter på at eg skal lage pizza.. Turid og Sofia er i Førde og Reinhardt og Oskar er ein eller anna plass på boksestemne.. Besta reiser i morra.. Dette er vel ikkje so interessant for meir enn ein av doke,, knapt nok det,, men fekk berre lyst å tyte litt :-)))). Alt vel her iallefall.. Fælt med Japan,, men heldigvis går ikkje kjernekraftverket i lufta ser det ut for.. Håper de har det like konge som de hadde det i Afrika.. Blir nok litt annaleis i Latinamerika,, men fint å lære om forskjellige folkeslag og det som er deira liv.. De kjem til å vekse utrulig mykje mentalt på denne reisa.. No skal eg slutte å tyte ,, og begynne å lage mat.. Stor klem frå Juliamammaen

    ReplyDelete