Sunday 27 March 2011

Rio, Ilha Grande og Paraty

Hallaien! Grunnen til at vi ikkje har blogga paa lenge er at vi har det saa travelt med aa kose raevene av oss heile tida, og hakke tid :-)

No er vi i Lima, Peru, og har nett komt oss etter to reisedogn. Snart skal vi kontakte Eirik, vaar norske kompis som bur i Arequipa for tida, og planlegge reiseruta i dette spanande, nye landet. Vi kryssar fingrane for: lama, inka-ruinar, oase, saltorken, Bolivia-besok, Titicaca-sjoen, god mat, komfortable bussar, musikk, alpakka-ull og Amazonas.

Alle bileta ligg som vanleg hulter til bulter, so deal with it! Hehe.

 Rio var ein fantastisk by, der vi stortrivdes mellom flotte fjell og nydeleg strandsone.
 Ipanema-beach var den finaste, rolegaste stranda der profesjonelle beach-spelarar fraa heile verda herjar volleyballbanene.
 Mari Bergum og Kjersti Hansen, som vi kjenner fraa volleyball i Noreg. Kjempeflinke, unge spelarar som vi har stor trua paa!
 Linn blei med paa litt av treningsokta. Det gjorde godt for kloande volleyballfingrer.
 Her et vi ein fantastisk smakfull lunsj med dei norske volleyballjentene og Gus.

Kjersti og Mari!
Obama var i Rio, og byen var snudd fullstendig paa hovudet. Sikkerheitstiltaka var overveldande; tanks, hestar, militaere koyretoy, helikopter, marinebaatar og tusenvis av politifolk overalt. Wow! Tryggaste plassen i Brasil, that`s for sure. Paa bildet over ser de ein banner som eit fly flaug med att og fram over Copacabana med bodskapen; "Ikkje ta oljen vaar - Obama go home!"
 "At the Copa, Copacabana..." Vi budde ei blokk fraa Copacabana, der bolgene til tider var saa store at vi blei skylt i land berre vi stod med vatn til knea. Ku-hult! Var utruleg herleg aa ha storbyen og stranda saa naere kvarandre... alltid noko aa finne paa!
 Mari og Kjersti i full kamp mot det andre norske beach-paret som trenar i Rio; Janne Kongshavn og Ragnhild Aas. Kjekt aa sjaa dei utfordre kvarandre.

Ananas er godt, og denne seljaren hadde ein spesiell salgsteknikk ved aa snike seg inn pa folk og brole "WOAHH!!" saa dei hoppa i sky. Vi maatte jo nesten berre kjope.
 Vi maatte sjolvsagt opp og sjaa Jesus-statuen som staar paa ein fjelltopp og voktar over byen. Det var toft aa sjaa denne enorme, majestetiske statuen og den flotte utsikta over byen, MEN... Vi er verkeleg ikkje gode paa stappfulle, turistifiserte attraksjonar. Det kr-y-ydde av slitsomme, amerikanske turistar med botox i trynet. Hehe. Vi kom oss egentleg ganske fort ned att derifraa og fann ut at vi droppa sukkertoppen, sida vi fekk meir enn nok av den fine utsikta herifraa...
 Men det var jo sjolvsagt verdt det - sjaa paa det her! Helikopteret de ser var del av Obamas sikkerheits-sirkus.
 Bolger paa Copacabana! Sjuke naturkrefter i sving... faar det ikkje heilt med paa bildet kor store dei var, men Linn, Trude og Anders fekk verkeleg kjenne det paa kroppen.
 Obama-day! Etter aa ha brukt ein heil dag paa aa jakte paa Obama skulle vi saa gjerne sagt at vi fekk sett han, men den gang ei. Vi trappa opp i down town Rio for aa sjaa og hoyre han halde ein tale, som i utgongspunktet skulle vere ute. Men planane var endra i siste liten, saa han skulle kun tale inne for eit faatall menneske. Vi tenkte likevel at han kom til aa komme ut og vinke, saa vi stod i seks (SEKS) timar og venta blant demonstrantar, kommunistar og journalistar utan saa mykje som eit lite vink. Snufs. Han sneik seg inn bakdora, den tullingen. Men det var toft aa vere der berre for aa kjenne paa energien og stemninga rundt aa ha verdas mektigaste mann i byen.
 Ein ganske saa mektig kontrast mellom alvorlege miltaerfolk og opphissa demonstrantar.
Mimimiii! Litt surmuling maatte til... "Herregud, du er treig, Obama," som vi laerte Gus aa seie, haha. Vi laerte han masse nyttig norsk, og han blei til slutt veldig god:

"Kom an, karar!"
"Fy faen, du er treig, Julia..."
"Da lyte vi!"
"Da likte du..."
"Ballar av staal"
"Sjukt."
"Ka faen sa du?"
"Herregud, Obama..."
"Sytalaust"
"Gje meg ein ol, takk"

Men ikkje nok med at vi venta utafor der Obama skulle halde talen, vi troppa òg opp utafor hotellet hans i haap om aa faa eit lite glimt. Vi saag han ikkje daa, men seinare gjekk Anders, Brita, Julia og Gus seg ein liten kveldstur for aa sjaa strandgata ein siste gong paa nattestid. Daa kom plutseleg Obama-sirkuset hylande forbi oss med Obama sin bil midt oppi eit hav av politi og miltaere. Vi var fem meter unna han. Det viktigaste er ikkje at vi har sett Obama, men att Obama har sett oss!

Ah, den Obama, den Obama...

"Eg har ei hone aa plukke med deg, Obama," - Gus.

 OL i Rio 2016...? Yes, please! Kunne gjerne ha vore mykje lenger i Rio. For ein fin by!
Sjaa berre paa desse nydelege maleria som var utstilt i gatene... Vi brukte seks dagar i Rio, der vi og fekk ein liten smakebit av det yrande, brasilianske utelivet. Vi gjekk ut paa ein nattklubb som Linn sin brasilianske venn, Vitor, anbefalte oss... og hei, for eit liv! Stappfullt dansegolv med musikk som gjorde oss dove i to dagar, no kidding. Men fy flate, saa goy! Rrrriba!
 Etter nokre fine dagar i Rio, gjekk turen til paradisoya Ilha Grande.
 Vi mista baaten til oya saman med tre hyggelege australske karar og ein israelitt, som vi blei hengande mykje med. Australierarararararane gav oss ein liten innforing i surfing, wee! Det var kjempegoy, men òg veldig vanskeleg.
Her er vi paa Lopes Mendes, som er kaara til ei av verdas 10 vakraste strender.
Oppholdet paa oya var supersosialt, og vi blei òg kjent med to kjempeartige britar, blant anna Rory, som er paa bildet over. Hadde det mykje moro med desse folka her! 

Den eine dagen delte vi oss, og Trude, Linn, Julia og Rory hadde ein avslappande (og adrenalin-fylt!) dag paa stranda. Det som krydra dagen litt var at Trude og Julia blei redda av fire lifeguards langt ute i dei store bolgene, ops. FOR eit styr! Trude, Rory og Julia var ute og herja i bolgene, og blei plutseleg tatt med den sterke strommen litt for langt ut til havs. Rory var litt naermare land enn jentene, og provde aa vinke dei inn att. Trude og Julia skjonte ikkje alvoret og leika, herja og tulla seg. Julia toysa litt for mykje, veiva med armane og ropte "hjelp" til Rory, for ho tenkte "Oj, dette burde eg ikkje gjere paa ei strand full av livvakter". Ho angra seg med ein gong, men det var for seint, for to sekund etter kom fire livvakter med surfebrett og hjalp dei inn att. Saa ut-ru-leg flaut. Alle paa stranda saag paa, og Linn var blitt skikkeleg bekymra. Men det var kanskje ikkje saa dumt at vi fekk drahjelp inn att, for endaa saa hardt vi svomte mot land, kom vi oss ingen plass. Vi holdt i alle fall paa aa le oss i hel etterpaa, sjolv om ein liten del av oss har faatt storre respekt for havet.


Brita, med sin antibiotikafiserte taa, Anders og bakfulle Gus tok samme dagen ein 12 kilometers gaatur til eit beromt fossefall paa oya. 
Turen gjennom regnskogen var veldig flott, og dei saag og hoyrte broleapar paa naert hold, som slengte seg i bambustrea rett over hovuda deira. Paa vegen tilbake stoppa Anders braatt opp og sa; "Look, a snake!" For to-tre meter foran fotta hans kryssa ein 2,5 m lang slange vegen. Den var feit og skremmande. Caninana-slange, google it.
Her er dei nesten nede att og nyt utsikta mot sentrum.

Skogstur tilbake fraa Lopes Mendes eine dagen. Ein solid gaatur som gjorde godt for slappe feriekroppar. Nydeleg sti med Tarzan-lianer og bambus overalt. Vi saag forresten "porcupine", som saag ut som ein treklatrande gris med piggar, og smaa, sote apekattar.

 Lopes Mendes! Too cool for school.
 Nydeleg solnedgang paa baattur rundt Ilha Grande.
 Rory designar cruise-skip, og var nett som ein liten unge daa han saag denne utsikta.
 Vi blei og kjent med dukkaren Scott i midten paa bildet over.
 Vi fann ut at vi ikkje berre skulle feire Linn sin bursdag, men ei heil birth-week! Derfor blei det kake og ol fem dagar paa rad, paa alle dei som ikkje gjekk paa antibiotika. Dumme Brita-taa. Legen seier at taanagla vil dette av, saa Brita vil nok legge igjen ein del av seg sjolv i Andes-fjella. Gledar seg vilt til det.
Kjoleinnkjop! Linn fekk seg bursdagspresang, nemleg den finaste kjolen paa oya.
 Bursdagsmiddagen bestod av kyllingstroganoff - beste middagen ever!
 Gjengen minus fotograf Brita og ein tissetrengt australianer. Her snakkar vi bursdagsselskap paa stranda. Hipp hurra for Linn, 20 aar! Godjenta vaar! Bursdagskvelden blei avslutta med gitarspeling paa stranda til langt paa natt... Veldig koseleg. "Beste bursdagen ever," seier Linn :-)

Etter Ilha Grande blei vi med britane til den utruleg idylliske kystbyen Paraty, der vi hadde tenkt aa sove ei natt. Men pga litt daarleg planlegging og daarlege bussforhold, fekk vi berre dagen og kvelden i denne fine byen, for vi maatte ta nattbuss til Sao Paulo for aa rekke flyet til Lima.
Reisegjengen pluss Rory, Scott og Gus. Kjemperart aa seie hade til Gustavo, denne kjernekaren som har fulgt oss gjennom heile Brasil. Men han har lova aa komme og besoke oss. We`ll meet again, Gus!
... Ehm, veit ikkje heilt kva vi skal skrive her... Forever young!

Klokka halv fem paa morgonen kom vi fram til Sao Paulo, rimeleg sovndrukne etter birth-week og lite sovn. Men guri malla saa kjekt vi har hatt det i Brasil. Vi har blitt kjent med utruleg kjekke folk, sett fantastisk flotte plassar, og tida har berre gaatt saa altfor fort!

No skal vi lausrive oss fraa dataskjermen og ut og oppleve Lima. Haapar alle har det bra - kjempekjekt aa hoyre livsteikn der heime fraa òg (hint-hint-hint, vi les kommentarane flittig ;-). Haapar snoen tinar snart; vi forstar at daakke er leie! Store reiseklemmar fraa lamaland (spesiell lama-helsing til DINNA;D) <3

Eirik - du bor ta telefonen i dag!

8 comments:

  1. Overveldande folkens.. Heilt utrulig ka de har opplevd!! Dokke ser ut t å være temmelig sosiale vesen som kjem i kontakt med masse forskjellige folk. Og strendene då..guri malla ko nydelig. Sukk sukk..Kos dokke masse videre og hels t Eirik når de treff han. Vi i gamlelande tska berre nett ut å måke litt, 15 cm tung våt nysnø idag. Jau då.. Stor klem frå Lydia t alle

    ReplyDelete
  2. Å så utruleg kjekt de har det!! No har de til og med fått litt farge på kroppen. Det må jo vere ein spesiell følelese, Julia. ha ha. Dei strendene i Brasil er til å sleve av -så fiiiine. Skulle gjerne rulla i sanden der ja. Kos dokke masse i Peru ;) Stor klem frå Turid og gjengen i Vetleli 16a.

    ReplyDelete
  3. Og stor klem frå Juliamammaen som er veldig fornøgd med at de har fått respekt for havet. Skummelt med strømmer ... Ein veldig kjekk blogg - med masse artige og fine bilder.. Håper de får det like sosialt og kjekt i Peru.. Tviler vel egentlig ikkje på det :-)))). Her i indre Sogn er det ikkje snø,, og vi kan sjå vårspirer både her og der.. Kos doke masse vikinger.. Stor klem

    ReplyDelete
  4. "Fy faen, du er treig, Julia..."

    - eg døydde! :D

    ReplyDelete
  5. Tidenes!!! no lo eg høgt fleire gongar :D "fy faen, du e treig, Julia!" Hahahah, priceless! MEn litt skuff at dokke ikkje lærte han "Da e grait", men kanskje dokke får dokke ein ny ven ein gong. Eg trur det.
    Brasil såg heilt ok ut. Sånn passle likso. Men eg ekje misunnlig lenger, for vi ska te mallorca i mai! mallorca FTW!!! Hah, du får det ikkje meir eksotisk enn det :D (ok, berre le, men ALT (og då meina eg faktisk ALT) e beire enn Jylst for tia. dokke skal ha kudos for å ha valgt riktig vinter å forlate landet på. ) Elles, alt vel, intet nytt under sola. Eg gler meg til dokke kjem heim. Spes du Trudyboy. Også Julia då. Og Linn og Brita. Og sjølvsagt Anders, som eg aldri har møtt, men utifrå "Dagens Outfit" innlegget ser ut til å vere ein meget oppgåande ung mann :D

    Ship o'hoi, don't be strangers!!!!

    ReplyDelete
  6. Hahaha! Eg ler meg ihjel av den episoden med badevaktene (sjølv om det var litt scary og). Så typisk deg, Julia! ;D <3 Gleder meg kjempemasse til å høyre meir om alt sprell og fanteri de har funne på når de kjem heim.
    Men HERLIGHET for ein tur! Det høyres heilt fantastisk kjekt ut. Må sei eg fekk veldig lyst til å reise til Brasil no ;) Og Afrika... og Australia... Kos dåke masse vidare, folkens! <3

    ReplyDelete
  7. Hahaha, Gus! :) Kjempekjekt aa lese kommentarane, folkens! Men saann for aa gjere daakke litt mindre misunnelige saa er det svinekaldt i Peru! Men og svinevakkert ;)

    ReplyDelete