Saturday 12 March 2011

Brasil, baby! Og Argentina?

G´dajen! Tenkte vi skulle vere flinkare til aa oppdatere, sida folk syns vi var litt sloeve med det i Afrika... Sorry mates, men prov aa finne internett i bushen sjoelv, saa skjonar de kva vi meiner! ;-)


Det har ikkje skjedd saa forferdeleg mykje sida sist, men oppdatering skal bli! Paa mandag landa vi i Sao Paulo, der vi fann oss eit koseleg hostell. Den forste natta med karneval i gatene var kjempegoy! Vi joina nokre hyggelege folk fraa hostellet som tok oss med der det skjedde, og blei med paa festlegheitane.
Saa, paa onsdag, tok vi turen til Campinas, to timar nordaust for Sao Paulo. Der traff vi Charlie, kompisen vaar som vi motte i Australia. Vi fekk bu hos han og dei tolv kompisane hans i eit studenthus rett utafor universitetet deira. Der sov vi i to netter og fekk oppleve litt av det brasilianske studentlivet med grilling og chilling. Kjempehyggelege folk, som hjalp oss mykje med kva vi skal gjere vidare. I samme slengen har vi faatt ein ny turvenn! Han til hogre paa bildet i gront, Gustavo, som liknar noko grasat paa John Lennon. Han i midten er Charlie. :-) 

Her er vi med og et lunsj paa universitetet. 30 000 studentar gaar her, og 4000 et i denne kantina kvar dag! Ein opplevelse i seg sjolv.

John Lennon skal hjelpe oss gjennom Brasil og vere turist i sitt eige land. :-) Her er vi heime hos han med faren og hunden sin, for aa hente pakkesaker til turen.
Nokon som kjenner igjen han her? Vi trudde han var typisk norsk, vi!

Saa tok vi nattbussen til langt, langt, langt sor i landet til Iguassu Falls! Her har vi sjekka inn paa eit nydeleg hostell, og har brukt dagen i fuglepark...


... og paa bading og biljard. I morgon skal vi til Argentina!! Vi skal paa dagstur for aa oppleve den argentinske sida av fossane, og paa baattur ved sjolve fossefalla. Det trur vi blir jysla kult! Paa mandag skal vi sjaa den brasilianske sida av Iguassu Falls, som skal vere den vakraste, og kanskje rappellere ned? Stay tuned!

4 comments:

  1. Veldig kjekt å høyre og sjå ifrå doke :-)))))).. Men rappellering..... nei, det greier eg ikkje å tenke på.. Please Julia.... not.... Eg har prøvd,, og fekk panikk midt i ein bergvegg.. Fire mann måtte hale meg oppatt.. Skummel opplevelse.. Men du er ikkje meg.... eg veit det.... So flott at de har fått med doke den Brasilianske John Lennon på turen.. Han var veldig lik ja.. Kos doke masse vidare.. Stor klem frå meg <3

    ReplyDelete
  2. "Har ikkje skjedd så mykje sia sist" - haha fuck dokke ;) Men funfunfun, kos dokke vidare :)

    ReplyDelete
  3. Hehe, slapp av mamma, eg har baller av staal! ;)

    Hahaha, Dinna, so true! Der folte vi oss truffen ;p No skal vi hoppe i poolen, men kjem nok eit blogginnlegg seinare i dag :)

    ReplyDelete
  4. Gratulerer med bloggedagen. Dokke trenge ikkje å kvile på laurbæra, berre gje på! men forresten, no skine sola so kraftig her på Jølst, at Hedda knipe igjen augene straks vi kjem ut, og NEKTER Å ÅPNE DEI IGJEN! Då kan dokke tenke dokke kor fint her e, snø, sol, speilblank snø på vatnet. Ja. Øh. Eg forstår at det e gøyare i SørAmerika. Men lell. Lat meg no kose meg med dei små lyspunkta vi blir benåda med her vest. Ellers Julia, ser du har møtt din sjelevenn; papegøya. Kult! Må helse.

    ReplyDelete