Wednesday 30 March 2011

Lima, Cuzco, lama, Eirik! :D

Hola! Como estas? Estamos muy bien!

Etter eit par dagar i Lima der vi blant anna åt lamakjøt...
 Iiih! Tilgi oss, Dinna!

Så tok vi 21-timers nattbuss (med svært komfortable seter, men ekstremt svingete vegar) til...
 ... Cuzco! Der vi fann...
 ... Eirik! Wee! Kjempekjekt å sjå han att! Vi hadde prøvd forgjeves å ringe han heile dagen, og så plutseleg dukka han berre opp bak oss på gata. Kjempekos!
 Overalt går det pittesmå peruvianske damer med tung bør og ein lama i handa. Eirik kallar dei for kjøleskapdamer, fordi dei ser ut som om dei har konstant eit kjøleskap på ryggen.
 Vi har ridd! Veldig fin tur, men fytti grisen så skummelt i nedoverbakke! Oioioioi... gjørmete og humpete og bratt. Pluss at Linn sin hest feis og dreit heile vegen, Eirik sin hest var uvenn med alle dei andre hestane, Brita sin hest berre ville stoppe og ete gras heile tida og Julia og Anders sine hestar var ekstremt utolmodige av seg og helst ville vere førstemann... Men elles ein super tur opp til eit månetempel og eit apetempel (sjølv om det ikkje er apar her, men men, er ikkje alt ein skal forstå her i livet). Nydeleg utsikt!
 Glade og fornøgde ryttarar!
 Anders med utsikt over Cuzco.
Tøff lama-dame.

No har vi booka oss tur til Machu Picchu, og set avgarde kl sju i morgon tidleg, hoho. Så då blir vi ikkje å få tak i på fire dagar. Vi har store forventingar til denne myteomspunne turen! Snakkast, alpakka! :-)

6 comments:

  1. Oh la la, no rykkjer det i fjellfoten!!! Akkurat denne etappen de no skal til på skulle vore moro å være med på...
    Forresten Linn, i helga skal eg heie på jentene t Førde på NM U19 volleyball på heimebane,Andrine låner drakta di, så du er litt med!!
    Keep walking...

    ReplyDelete
  2. Er det kaldt der?? ser dokke har på dokke hue?! Isofall; MUAHAHAHAHAHAAAAAAAAAAAAAA!!!!!!! Det har dokke sooooooooooo godt av!!! Neida.. Men joda.. Litt så!

    Peru ser gøy ut.men eg er glad eg ikkje er kjøleskapdame. Må vere travelt. Dog, kor kult hadde det ikkje vore å hatt sin eigen Lama i band?? Noke anna enn Birken det tenkje eg :D

    Her er det forresten ramme alvor no. Mens dokke skal suge inn kultur og historie i inkariket, skal eg tilbake på jobb. Jaja. Kvar sine lyster, seie no berre eg!

    Kos dokke maks, rock on, og blogg så straks dokke kan! (Og ingen blir sure for fleire "Dagens Outfit"innlegg).

    Peace and lama.

    ReplyDelete
  3. EG ER MÅLLAUS!! Eg er på færøyane no og skal skaffe meg noken nye, kristne venar, for DEI ETER IKKJE LAMAER!!

    ReplyDelete
  4. Ååå så søte og koselege gamle damer med lamaene sine :) flott natur!
    Lurer på kvifor du Julia alltid tar bildene, slik at vi ikkje får sjå deg så ofte. Du må vere flinkare til å deligere fotografrolla med til andre ;)Eg må jo følge med på brunfargen din! Nei, det var ein skriveleif - meinar fargen din. Neida... berre sjå deg. Kos dokke vidare..

    ReplyDelete
  5. over fra Turid

    ReplyDelete
  6. Å så keult! Kor dokke bur i Cuzco? Viss dokke bur på Point Hostel må dokke helse til han sjefen (viss han er der endå) som har mohawk, eg huska ikkje ka han heiter men han fekk jallfall en sånn krittegning av meg. OG dokke er så heldige som er i Peru, håpa dokke kosa dokke masse både på MacchuP og alle andre plassa, eg gleda meg til å sjå meir bilder! (og eg er enig med Kathrin ang Dagens outfit)

    Åja, og ikkje for å ødelegge den flotte integreringslinja dokka når det gjeld lokal mat, men dokke BØR faktisk smake den McFlurryen med oreo og sjokoladesaus som dei har (trur eg faktisk) kun i Peru - eg sikler til golvet ved tanken på den..

    Suerte!

    ReplyDelete