Monday 4 April 2011

Machu Picchu

 Hei hei hallaa! I Cuzco meldte vi oss paa ein firedagers tur til Machu Picchu, der den forste delen bestod av sykling ned eit bratt fjell fraa 4000 moh til 1500 moh. Det var pissregn, men moro moro!

 Her er gjengen pluss dei tre tyskarane som var med oss, og super Mario-guiden vaar, Luis.
 Aldri vore saa vaate i heile vaare liv, saa torking maatte til! Her er vi i Santa Maria, den forste landsbyen vi sov i.
 Dag 2: Vi gjekk fraa Santa Maria til Santa Teresa, 2.5 mil. Det begynte regnfullt og graatt, men utpaa dagen blei det full sol og vi vart faktisk solbrente. Du er kanskje toff i pysjamas, men VI er toff i poncho!
 Gentleman Anders bar Brita over ei av dei mange iskalde elvene vi maatte krysse. Aawwww.
 Gjengen! Det var stupbratt ned, og vi gjekk over mange ras, nokre berre dagar gamle. Litt schmaaskommelt, spesielt naar guiden ropar; "Quick, quick!"
Dag 3: Denne dagen skulle vi eigentleg gaa delar av "The Inca Trail" og sjaa Machu Picchu fraa ein hog fjelltopp, men pga eit nytt ras som blokkerte vegen var vi stuck i Santa Teresa heile dagen med ein full guide. No kidding.

Men delar av vegen til Aguas Calientes, byen rett ved Machu Picchu og vaart siste stopp, kunne vi gaa. Brita, Trude og Julia valte aa ta toget pga monsterblemmer og divers, mens Anders, Linn og Eirik var sporty og gjekk langs togskinnene. Dei saag litt av Machu Picchu paa vegen og fekk ein liten smakebit av det vi skulle faa oppleve neste dag.
Nemleg det her! Dag 4 gjekk vi Macchu Picchu, og begynte allereie kl fire om morgonen. Ein bratt og hard tur opp fjelltrappene, men veldig verdt det, for det var utruleg vakkert! Fascinerande korleis inkaane har faatt det til. 2200 moh.
 Her er utsikta fraa fjellet Wayna Picchu, som Brita, Linn og Eirik klatra opp. Bokstaveleg talt klatra, for det var superbratt!
 Utruleg vakker utsikt, 2667 moh.
Fantastisk oppleving!

Dette blei eit veldig kort og hurten i sturten-innlegg, men vi maa rekke bussen fraa Cuzco til Puno. Snakkast, amigos! Haapar alle har det kjempebra! :)

4 comments:

  1. Er på nattevakt og får dette flotte rykande ferske innlegget opp på skjermen!! Du verden kor imponerande ka inkaene bygde opp, tøffe bilder de har tatt. Og tenk at dette har de fått sjå...Registrerer ellers at vi har ein fellesnevner, nemlig ras. Ellers alt vel heime, for dei av dokke på turen som e interesserte i volleyball kan eg opplyse om at jentene t Førde vart nr 6 i NM U19, litt stang ut i nokre kamper og vart utslått i kvartfinalen av våre erkefiender Koll, som til slutt vant. Trøsta var at dei slo Tambar. Ellers tipper eg at Katrin snart våkner og vil blogge om at de også fortener litt regnvær, ha ha. Kos dokke masse videre, forresten mange fine strikka-antrekk å sjå..
    Hei og hopp

    ReplyDelete
  2. Mamsen til Julia5 April 2011 at 00:46

    So imponerande natur,, og eg skulle gjerna ha vore i inka-ruinane ja.. Ellers så digger eg Lydia sine innlegg her på bloggen,, og ho seier igrunn det som eg tenker,,,, bortsett ifrå det med volleyball då :-))). Kos doke vidare vikinger.. De har det tydeligvis heilt fantastisk... Stor klem frå mamsen til Julia

    ReplyDelete
  3. Auch. Eg føler med dykk. Alle opplevingane. Alle inntrykka. Stakkars dykk som må fordøye alt ditta. Hrmpf. Eg skal gå ut og fordøye litt meir regn. Helsing frå Katrin, som ikkje e LITT misunnelig ein gong. Unge, dumme drittungar. Det er dokke det. (neida, det er berre sjalusien som snakkar. Eg likar dokke!)

    ReplyDelete
  4. FANTASTISK! Såg heilt fantastisk ut :)

    Må sei at dåke ser ut som ekte backpackara, haha.
    NO har snøen endelig begynt å gå vekk her, and I love it. Så den er mest sannsynlig vekke til dåke kjem heim! Jeeehu!

    Savna dåke altfor mykje no! Men klare meg overraskande bra ;) Er endå ikkje deprimert.

    INGRID

    ReplyDelete