Friday 15 April 2011

What doesn't kill you only makes you stronger!

Har du nokon gong blitt spraya med tåregass? Det svir.


Hehe, vil dåkke ha forklaring, kanskje? Okei då.

Det har vore nokre crazy dagar i La Paz, der vi har hoyrt smell og bråk i gatene frå dag ein. Det var tydelegvis streike-demonstrasjonar, der dei kasta dynamitt i gatene og lagde mykje leven. Nysgjerrige turistar som vi er måtte vi sjolvsagt sjekke dette ut, og det er der tåregassen kjem inn i bildet...

Demonstrasjonane gjekk faktisk så langt at politiet brukte tåregass på streikarane. Vi hadde nett fått ein dynamittladning fyrt av rett ved oss så det smalt i brystet og suste i orene, for demonstrasjonstoget bevegde seg vidare. Så kom plutseleg folk springande mot oss, i motsatt retning av demonstrasjonane. Vi skjonte ikkje kvifor folk sprang, heilt til vi merka ei intens svie i auga og kloe i nasa og munnen. Tåregass it is.

Anyways, La Paz er som eit einaste stort, rotete marked. For ein spro by. Den forste dagen vandra vi berre rundt på leiting etter kamera til Trude, men det viste seg å vere vanskeleg, sida det omtrent ikkje finns "vanlege"  butikkar her. Men vi endte jo opp på eit fint lite svartemarked, der andre stjelte ting muligens har havna. Kjopte ingenting der, nei.
Overalt i La Paz, og Bolivia generelt, gjekk det staselege, små damer med store, fargerike skjort og bowler-hatt. Vi syns bowler-hatten var ein fin, liten detalj!

DEATH ROAD! Eirik, Julia og Linn folte for å leike litt meir med liva sine, så dei bestemte seg for sykle frå 4900 moh ned 3500 m på verdas farlegaste veg. Det var supercool! Nydeleg utsikt, dramatisk natur og ikkje minst stupbratt.

Vi sykla forst eit lite stykke på asfalt for den originale Death Road-en, som er grusveg, byrja. På toppen var det tåkete og sno i lufta, og vi såg ikkje kor bratt det faktisk var ned. Heldigvis (?) letta tåka og vi fekk sjå dei bratte fjellsidene.

Kjempetur! Adrenalinkick. Vi skjonar korleis vegen har fått namnet sitt med tanke på at heile tre stykk i gruppa vår tryna på veg ned.

Vi har fleire bilder på CD som guidane tok undervegs, men denne dataen har ikkje CD-rom, så takk til Google for bildet over. Må jo vise dåkke litt av korleis vegen var. På denne kanten stod vi òg, ho hei!
Brita, Anders og Trude tok heller turen til Tiwanaku og besokte museumet der...heftigheftig. Der fekk vi sjaa omgjevnadane til dei som var pre-inka. Saa langt har dei berre gravd fram 10% av det som ein gong var kontinetets storste by. Vi fekk blant anna sjaa ein statue som Thor Heyerdal har gitt namn til.
Paa vegen tilbake fraa vaar lille pensjonist-utflukt stoppa vi og fekk ei veldig fin utsikt over den kaotiske byen La Paz. 
 
Etter ein busstur saman til Arequipa, Peru, der vi no befinn oss, måtte vi seie hade til vår kjaere venn Eirik, som skulle fly tilbake til Norge. Har vore kjempekjekt å ha han med oss her i Peru og Bolivia!

Her i Arequipa gir vi ikkje opp jakta på kamera til Trude, så vi reiste til eitt av dei storste shopping-sentera i Sor-Amerika på leiting. Barnslege som vi er måtte vi ta pause frå shoppinga for å prove ut tidenes morsomaste riste-karusell. Latterkrampe deluxe!

No er vi komt tilbake fraa Colca Canyon, og ein skulle tru at vi har gaatt 1300 m rett opp...Eller vent litt, det har vi jo!

Nye spanade oppdateringar kjem snart!
Talast!

2 comments:

  1. ETTERLENGTA innlegg! Håpar du finn deg kamera snart TrudyB. Tåregass og Death Road, eg trur det er er godt at foreldra dokka først får vite slikt i etterkant. Ellers hadde det vore ein del hjarteinfarkt i langhaugane/aurland/og der Anders er frå!
    Her heime er det nesten ikkje snø igjen BOJAAAAAAAAAA!!!!! (kanskje til og med under meteren, heilt sjukt digg!)
    Hedda har no tatt noken steg, men ho ekje noke tøffing enda. Viss ho skjønna at ho går sjøl så sette ho seg rett på rææææææv..
    Elles er det påske, og det er gøy. For då har vi fri og kan sove lenge. HAHA LOL! jada. Særlig. Men påskeferie kan vi like. Eg gler meg alt til neste beretning frå dokke globetrotters. Kor går ferda no??? Skal dokke bli lenge i Peru?

    ReplyDelete
  2. Omg, dåke e jo galne... Don't kill yourself lissm. Må no innrømme at eg hadde komt ned/bort/dit/whatever for den karusellen! Såg jo heilt fantastisk ut. Men eg UNDRAR KVIFOR ikkje Trudy har kamera?!! Du har vel ikkje mista da? Den ansvarlege Trude kan ikkje miste noke.. Neinei. Eg skuldar på Julia! Hiihi.

    I Askvoll og Førde er snøen BORTEVEKK og vi lever glansens dager med skjorts, t-skjorte og ein liten bikini. KØØØDDDDDA! Typ 8 grader her, haha. Men no på mandag har eg FRI<3 ei veke og skal nyte påska! Vi skal FAKTISK få oppmot 15grader, eggledameg!

    I kveld skal eg på FÆST! Hæla i taket.

    Hf i wild west. Miss you pumpkins <3

    ReplyDelete