Har du nokon gong blitt spraya med tåregass? Det svir.
Hehe, vil dåkke ha forklaring, kanskje? Okei då.
Det har vore nokre crazy dagar i La Paz, der vi har hoyrt smell og bråk i gatene frå dag ein. Det var tydelegvis streike-demonstrasjonar, der dei kasta dynamitt i gatene og lagde mykje leven. Nysgjerrige turistar som vi er måtte vi sjolvsagt sjekke dette ut, og det er der tåregassen kjem inn i bildet...
Demonstrasjonane gjekk faktisk så langt at politiet brukte tåregass på streikarane. Vi hadde nett fått ein dynamittladning fyrt av rett ved oss så det smalt i brystet og suste i orene, for demonstrasjonstoget bevegde seg vidare. Så kom plutseleg folk springande mot oss, i motsatt retning av demonstrasjonane. Vi skjonte ikkje kvifor folk sprang, heilt til vi merka ei intens svie i auga og kloe i nasa og munnen. Tåregass it is.
Overalt i La Paz, og Bolivia generelt, gjekk det staselege, små damer med store, fargerike skjort og bowler-hatt. Vi syns bowler-hatten var ein fin, liten detalj!
DEATH ROAD! Eirik, Julia og Linn folte for å leike litt meir med liva sine, så dei bestemte seg for sykle frå 4900 moh ned 3500 m på verdas farlegaste veg. Det var supercool! Nydeleg utsikt, dramatisk natur og ikkje minst stupbratt.
Vi sykla forst eit lite stykke på asfalt for den originale Death Road-en, som er grusveg, byrja. På toppen var det tåkete og sno i lufta, og vi såg ikkje kor bratt det faktisk var ned. Heldigvis (?) letta tåka og vi fekk sjå dei bratte fjellsidene.
Kjempetur! Adrenalinkick. Vi skjonar korleis vegen har fått namnet sitt med tanke på at heile tre stykk i gruppa vår tryna på veg ned.
Brita, Anders og Trude tok heller turen til Tiwanaku og besokte museumet der...heftigheftig. Der fekk vi sjaa omgjevnadane til dei som var pre-inka. Saa langt har dei berre gravd fram 10% av det som ein gong var kontinetets storste by. Vi fekk blant anna sjaa ein statue som Thor Heyerdal har gitt namn til.
Paa vegen tilbake fraa vaar lille pensjonist-utflukt stoppa vi og fekk ei veldig fin utsikt over den kaotiske byen La Paz.
Etter ein busstur saman til Arequipa, Peru, der vi no befinn oss, måtte vi seie hade til vår kjaere venn Eirik, som skulle fly tilbake til Norge. Har vore kjempekjekt å ha han med oss her i Peru og Bolivia!

Her i Arequipa gir vi ikkje opp jakta på kamera til Trude, så vi reiste til eitt av dei storste shopping-sentera i Sor-Amerika på leiting. Barnslege som vi er måtte vi ta pause frå shoppinga for å prove ut tidenes morsomaste riste-karusell. Latterkrampe deluxe!
No er vi komt tilbake fraa Colca Canyon, og ein skulle tru at vi har gaatt 1300 m rett opp...Eller vent litt, det har vi jo!
Nye spanade oppdateringar kjem snart!
Talast!





